www.takeapen.org 03/10/2023 04:27:00
  _search_NORW
Click to send this page to a colleague_send_to_a_friend_NORW
Click to print this page_print_page_NORW

Invasjonen måtte koma

 Av Svein Gjerdåker ,  08.01.09

- Israel får kritikk for at åtaket på Gaza ikkje er proporsjonalt. Kva skulle vi gjera? Skulle vi skyta tilbake med Qassam-rakettar, spør journalist Peter Beck.

- Langt over 80 prosent av israelarane støttar invasjonen i Gaza. Dette har folk venta på lenge. Endeleg gjer regjeringa noko. Alle visste at rakettane ikkje ville ta slutt før vi gjekk inn i Gaza, seier journalist Peter Beck. Han har i mange år arbeidd i Aftenposten og skriv no for avisa frå Jerusalem. Peter Beck er norsk jøde og flytta til Israel i 2004.

- Israel har støtte frå mange hald, sjølv om somme er kritiske til at Israel går for hardt fram. Men Israel lærde leksa etter Libanon-krigen i 2006. Då gjekk dei inn med små styrkar og mislukkast. No gjer dei det som krigs­reglane seier: Send alltid inn ein overveldande styrke for å minska eigne tap.   

 

- Støttar du invasjonen?
- Ja, fullt ut. Situasjonen i Sør-Israel har vore heilt umogeleg. 750.000 israelarar har vore under vilkårleg bombing frå Gaza. Det er ikkje til å leva med. No hadde ein prøvd alt, men Hamas berre auka skytinga, og rakettane når lenger og lenger. Invasjonen var umogeleg å unngå. Og det trur eg Hamas òg visste. Dei har aktivt prøvd å trekkja Israel inn i ein konflikt.

 

- For å oppnå?
- At Israel skal oppleva det same som i Libanon i 2006. At Israel skal gå tapande ut av kon­flikten og missa internasjonal sympati. Men i dette tilfellet har dei satsa feil. Israel vil ikkje gje seg før dei har fullført oppdraget.

 

- I Noreg er det ei massiv fordøming av Israel. Kva er det vi ikkje har skjøna?
- Nordmenn har ei naiv til­nærming til Hamas og det som skjer her i området. I andre vest­lege land er dei meir nyanserte, men i Noreg er det ein bastant mur av antiisraelisme - både hjå styresmaktene og i media.

 

- Men å kriga i eit lite område med 1,4 millionar innbyggjarar må føra til store sivile tap?
- Det er klart det er forferdeleg der inne. Gaza er no under åtak frå sjøen, lufta og bakken. Og med bakkeinvasjonen vert det mange harde gatekampar. Hamas er godt førebudde og har minst 15-20.000 soldatar, så krigen vert svært tøff. Men Hamas legg opp til det. Sjølv den så vanlegvis israelkritiske forfattaren Amos Oz har sagt at Hamas aktivt brukar innbyggjarane sine som skjold. Dei skyt ut frå moskéar, frå skular og brukar sjukebilane til å transportera våpen med.

 

- Rakettane mot Israel har sjølvsagt vore utolelege, men dei tok få liv. No drep Israel hundrevis og skader tusenvis.
- Ja, det er tragisk, men det var umogeleg å unngå. Sjå på Sderot. På kvar einaste busshaldeplass og alle opne plassar i byen har israelarane plassert bombesikre leskur. Byen ser ut som om han er klar for verdskrig.

- Så får Israel kritikk for at åtaket ikkje er proporsjonalt. Kva skulle vi gjera? Skulle vi skyta tilbake med same type Quassam-rakettar? Eller avfolka heile området innanfor fire mil frå grensa? Kva skal ein stat gjera for å verna borgarane sine?

 

- Satsa meir på forhandlingar, slå av på krava og slutta med bu­­setjingane?
- Det er uråd å forhandla med Hamas. Alle kan lesa charteret deira på nettet. Målet til Hamas er å fjerna staten Israel frå kartet. Eg har tala fleire gonger med den såkalla utanriksministeren til Hamas, Mahmoud Zahar. Han er heilt klar: Ein jødisk stat i det dei kallar det muslimske kjerneområdet, er umogeleg å godta. Og eg trur på det han seier. Hamas vil ikkje ha våpenkvile. Dei talar om mellombels «ro» - som Hamas bryt når dei vil. Og det gjorde dei den 19. desember. Orsakinga var at Israel hadde bomba fyrst. Men det var éin av dei mange tunnelane som Hamas freistar å byggja inn i Israel for å kidnappa ein ny soldat.

 

- Andre fiendar har fått til fred opp gjennom tidene?
- Ikkje der den eine parten nektar den andre retten til å eksistera. Eg spurde Zahar om kor mykje land dei krev for å inngå fred med Israel. «Gje meg ein kvadratmeter», svara han. «Det er det same, vi kjem til å ta alt frå Jordan-elva til havet uansett.» Då eg konfronterte han med at Fatah er nøgde om Israel trekkjer seg tilbake til 1967-grensene», svara han: «Dei brukar éin taktikk, vi seier det som det er: «Vi skal ha alt frå elva til havet.»   

   

- Midtausten-eksperten Nils Butenschøn meiner løysinga må verta ein union mellom Israel, Palestina og Jordan.
- Det er eit naivt framlegg og heilt umogleg. Ein kan ikkje ha ein union mellom to ulike verder.

_related_links_NORW


Copyright © 2001-2010 TAKE-A-PEN. All Rights Reserved. Created by Catom web design | SEO